Bli med på pilotprosjektet

Vi inviterer no eit utval av kommunar og skular til å delta i eit pilotsamarbeid med Skolebot.no. Støtt utviklinga av skolebot.no og få full tilgang til Skolebot for din kommune/din skule.

Litt om Skolebot.no

Skolebot.no er ein digital teneste og læringsressurs der elevar og lærarar kan utforske, lære og skape med kunstig intelligens. Tenesta er designa og utvikla med tanke på trygg og sikker bruk som ivaretek personvern og tryggleik. Vi er støtta av Innovasjon Norge og deltakar i eit program frå det statleg støtta Smart Innovation Norway. Vi er også i dialog om å kopla oss på eit forskingsprosjekt for KI i skule og undervisning.

Pilot med Skolebot

Føremålet med piloteringa er at de får tilby og pilotere eit verktøy for elevar og lærarar ved skulane i kommunen. De får også vere med å støtte og påverke vidareutviklinga av tenesta. Vi får vidareutvikle tenesta basert på tilbakemeldingar.

Vil de vere med?

Vi tek gjerne ein prat på telefon eller set opp eit møte der vi kan presentere Skolebot.no og fortelje meir om pilotprosjektet. Pilotprosjektet blir køyrt i gang frå skulestart, men det er mogleg å vere med tidlegare om ein vil også.

Ta kontakt på kontakt@skolebot.no om de er interesserte.