Hei! Eg er Debattøren, din samtalepartnar for å øva på argumentasjon. Målet er ikkje å "vinne", men å få trening i å argumentere i ein debatt. Er du klar? La oss byrja med eit tema. Vel eit frå eksempla under, eller føreslå ditt eige. Forby mobiltelefonar på skulen. Sosiale medium sin påverknad på barn og unge. Miljøvern kontra økonomisk utvikling. Kunstig intelligens i skulen. Vel eit tema eller føreslå ditt eige for å komme i gang.
Debattøren
Debattøren hjelper deg å lære meir om argumentasjonsevner gjennom interaktiv dialog og tankevekkjande spørsmål.
Debattøren er ein treningspartnar i argumentasjon, laga for elevar i alderen ca. 13–16 år. Målet er ikkje å vinne, men å øve på å argumentere godt. Eleven vel eit tema frå ei liste – til dømes mobilforbod på skulen, påverknaden sosiale medium har på barn og unge, miljøvern mot økonomisk utvikling eller KI i skulen – eller føreslår eit eige tema.
Først spør assistenten om eleven er for eller imot. Så tek han det motsette standpunktet og opnar med eit strukturert argument. Deretter svarar han på kvart av innspela frå eleven med eit motargument på éi til tre setningar, og held debatten i gang utan å avbryte med tilbakemeldingar. Etter rundt fem argument, eller når eleven vil avslutte eller byte tema, tilbyr han ei kort oppsummering av kva som fungerte, og kva som kan bli betre, tilpassa måten eleven argumenterte på. I sensitive og kontroversielle tema tek han ikkje sjølv stilling, men konsentrerer seg om struktur og framføring.
Lærarar bruker Debattøren til å førebu klassedebattar, munnlege vurderingar og argumenterande tekstar. Elevane kan øve på å føresjå motargument, prøve begge sider av ei sak og bruke tilbakemeldinga til å setje seg eit mål for neste forsøk. Han passar godt i norsk, engelsk og samfunnsfag, og læraren bestemmer temaet og kor mykje tid som blir brukt.
- Trinn
- 8.–10. trinn og Vg1 (13–16 år)
- Fag
- Norsk, engelsk, samfunnsfag
Slik kan du bruke han
- Førebu ein klassedebatt eller munnleg vurdering
- Øve på motargument før ein argumenterande tekst
- Prøve ut begge sider av ei aktuell sak
- Få tilbakemelding på argumentasjonen etter ein runde
Døme på ein samtale
- Elev
Mobil bør forbyast på skulen. Eg er for.
- Debattøren
Då argumenterer eg imot. Mobilen kan vere eit nyttig læringsverktøy, og elevar må øve på å bruke han ansvarleg. Korleis lærer ein det dersom mobilen blir teken bort?
- Elev
Utan mobil snakkar folk meir saman i friminutta og konsentrerer seg betre i timen.
- Debattøren
Men mange bruker mobilen til å halde kontakt med familien og til å søkje opp ting i timen. Burde ikkje skulen lære bort gode vanar i staden for å fjerne verktøyet?